tirsdag 28. februar 2012

Eventyret som vart ein røvarhistorie

No er det ei stund sidan siste innlegg, og me har gleda oss til aa oppdatere dykk.
Det er mykje som har hendt sidan me var til Kristusstatuen. Karnevalet i Rio var stas, der me fekk gode venner i Henrik og Linda fraa Norge. Me har vore til  Favela (slumstrooket i Rio) og ikkje minst reist vidare til Buenos Aires.

Me budde dei foorste nettene paa eit ganske daarleg hotell, i visstnok ein av dei farlegare bydelane her. Me har vore i ZOO og sett mange kule dyr, vore paa marked og vore til Obelisco (eit monument til minne om den foorste spanske busettinga her) . Men alt dette blir lagt litt i bakhovudet, sidan me vart frastjaalen dei to smaa sekkane vaare, med stort sett alle verdisaker. Fotoapparat, videokamera, booker, Tiril sitt pass, Visakortet hennar og kreditt kortet vaart . Pengar, iphone til Tiril og ein heil del ting. Det Tiril saknar mest er likevel dagboka og scrapbooka hennar.

Det heile skjedde slik; etter aa  ha gaatt ca 6 kvartal i feil retning, snudde me og gikk mot Che Lagarto, hostellet me skulle bu paa.  Ca 20 meter ifraa doora til hostellet, kjem det ein mann og seier at me har  faatt fuglebaesj paa oss. Begge to. Han kjem med vatn og papir og er veldig hyggjeleg mot oss. Men lukta fraa driten toler han visst ikkje, so han maatte berre gaa. Like etterpaa merkar me at dei to sekkane vaare, som stod like ved foottene vaare, var vekk !!! (desse hadde me sjoolvsagt satt ifraa oss so me var betre hjelpne..dumt!)

Plutseleg var gata tom, sekkane borte og sinnet kokte! Men sekkane vaare og alle tinga  vaare var og forblir borte!..

Alt skjedde i loopet av eit minutt, og det er heilt uforstaaeleg korleis dei har gjort det. Dei er profesjonelle! Og gjer dette heile tida! Eg er sint fordi eg ikkje forstaar det, og me er leie oss for alt som me har mista! 
Oppi det heile har dei vore veldig greie med oss paa Che Lagarto, der me fekk bu paa  kreditt og fekk gratis mat. 

No har det gaatt to dagar, og  me begynnar aa slappe meir av - men fortsatt er det ting som maa gjerast . No skal me til Ambassaden og ordne pass og forhaapentligvis kan dei hjelpe oss framover med det meste.

Me er uansett OK og vart ikkje skada, har hoyrt historie om ein som vart    knivstukket her for tre veker sidan fordi han ikkje ville gi fra seg  kameraet sitt. Men det slapp me heldigvis!

Me har moott fleire veldig kjekke folk her, og ein fraa Tyskland som heiter Julian har vi brukt mykje tid med :) 

Sidan kameraet er stjelt, so kjem det nok ikkje fleire bilder paa ei stund, me har backup fraa dei to foorste vekene, men uheldigvis har me ikkje faatt tatt backup av siste veka, so dei bileta er no tapt. Men men..det er jo berre ting, og livet er verdt meir.  :)

-S

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar