mandag 16. april 2012

The Classic Inka Trail to Machu Picchu

No er det godt tre veker sidan me reiste fraa Peru. Maalet med opphaldet her var eigentle bestemt og klargjort foor Jul. Me bestilte og betalte for eit opplegg gjennom Kilroy som heitte "Amazon to the Andes".

For dei som ikkje veit det, stod Inka- indianarane bak eit av dei to stoorste indianer-imperiuma i Soor- Amerika foor spanjolane ankom utover 1500-talet. The Classic Inka Trail, er ein sti som leda fraa ein landsby over fleire hooge fjellpass til ein veldig stor og viktig by for Inkaene som heiter Machu Pichu.
Det hoogste passet var paa 4215 moh(!) og heitte Dead Womans Pass, ikkje fordi ei dame doydde der, men pga formen paa passet. Sjaa bilde lenger nede.
Me skulle gaa denne i stien over fire dagar foor me var framme til Machu Picchu. Etter ein og ein halv time vart Tiril veldig, faktisk veldig, daarleg. Det pleier aa skje for nokon, sidan ein er ganske hoogt over hav-nivaa. Byen me starta i, Cusco, laag paa 3300 meter, foor me reiste nedover til ein anna der me begynte turen.

So, sidan me antok at Tiril hadde faatt hooydesjuke, so avgjorde me at ho skulle snu og heller ta toget + buss til Machu Picchu den fjerde dagen. Paa turen var me ei gruppe paa opprinneleg 11 - Tiril = 10. Det var meg, to jenter og ein gut fraa Canada og 6 karar fraa Australia som var noksaa braakete, men som skapte mykje leven paa campen.

Det eg ikkje viste, som eg fekk vite siste dagen paa campen, var at Tiril hadde blitt innlagt paa sjukehus og vart behandla for Salmonella der i to dagar. Heldigvis fekk ho god hjelp og eg fekk gode oppmuntringar om at ho hadde det bra. Det heile enda veldig bra, med antibiotika for Tiril (++) og min medisin var aa treffe Tiril att paa Machu Picchu!

Turen over Inka Trailen var ikkje berre berre, ganske tooff den dagen me for over det hoogste passet, men for ein opplevelse! Einaste minuset var at Tiril ikkje gjekk den saman med meg!
Opplegget med G-adventures, som Kilroy samarbeidar med, var godt gjennomfoort og me hadde folk som bar tinga vaare og to gode guidar som var med oss, i tillegg til eigen kokk med stab som laga rimeleg herleg mat oppi fjella! Siste dagen fekk me kake (!) bakt i ei panne paa gasskomfyr! Imponerande! :)

Ellers maa det seiast at sjoolve stien (trailen) me gjekk paa var imponerande. Med nedlagt stein over store delar av den og hooge trepper, som hjalp oss aa vinne hoogde. Baerarane vaare, sjerpaer, var ogsa imponerande som sprang mykje, der me sleit oss fram - og daa med rundt 20 kilos oppakning mot vaare 5-10 kg. Alt i alt var turen veldig flott! Og Machu Picchu var litt av eit syn den siste dagen ved soloppgang, og resten av dagen sjoolvsagt. Dei er bra imponerande desse Inkaene.

So viss turen og opplevinga skal oppsummerast med eitt ord: IMPONERANDE ! :)

Ein Inka by me besookte foor turen begynte.
Eit godt bilete paa korleis Inkaene laga terrassar der dei dyrka mat.



Gruppa med hjelpeapparat i bakgrunnen!

"Dead Womans Pass" i midten bak! Ser du brystet?



Sondre paa "Dead Womans Pass", 4215moh.







Imponerande, igjen!

Her ser vi ned paa Machu Picchu fraa "The Sun Gate"


Sondre og guidane Fernando og Israel

Litt naerare Machu Picchu


Saman med Tiril igjen etter 3 dagar fraa kvarandre (det lengste paa turen)



Lama Lama





Ganske nydeleg og Imponerande



The Amazing "Machu Picchu"