mandag 4. april 2011

A new day, new possibilities and new experienceses!

Vakna opp i dag, kl. var 07.32 (ringeklokka ringte kl.07.05, men litt slumring e lov), bussen gikk 07.55 og eg kasta meg rundt, tok på meg kle, drakk eit par glas mjelk mens eg laga nista, pakka skulderveska - fant ut at den var litt liten, pakka om til ein sekk - for so å finna ut at det var bedre plass i skulderveska - pakka om nok ein gang, ga mi søvninge og halvsovande kona ein klem, før eg la pao sprang for å rekka bussen. I made it!

Kom akkurat tidsnok til forelsesninga, so begynte 08.15 på Dragefjellet, for å finna ut at forelesaren va sjuk og at forelesninga var avlyst..TYPISK. Deretter var det frukost ilag med prominente medlemmar av kolokkviegruppa, der me prata om laust og fast. Eg slang fram ei gåte (som eg ikkje viste svaret på sjølv), det morsomme her var at me var ganske so høglydte, men då gåta kom på bordet, vart det heilt stilt. Litt fram og tilbake. Vegard løyste den! ! Klara du da?

"Du står ved eit vegkryss, den eine vegen fører til Helvete, den andre til Himmelen. (Du vil sjølvsagt til Himmelen) Du veit ikkje kva veg som fører kvar, men det står to heilt like brødre der, den eine talar alltid sant, den andre lyg heile tida, dette veit begge to. Dei veit også kva veg som fører kvar." Du får stille eit spørsmål til kvar, men det må vere same spørsmålet!
Kva spør du om?

Uansett, etter me hadde løyst opp, gjekk eg og Vegard på bønnegruppe, det er ei bønnegruppe for HF som disponerar rom 214 på Sydneshaugen Skole kvar mandag mellom kl 09.00 og 11.00. Der e du velkommen! Det var veldig godt å be i dag. Gud er so ufatteleg god og nådig! I tillegg til meg og Vegard, var ein som heiter James der, og ei som heiter Lise kom heilt på slutten. Det  var kjempebra, skulle berre ynskje at det var fleire som var der.

Deretter har eg vore på lesesalen, bortsett frå ein liten lunsj, saman med Håkon som er utruleg flink i Quiz, ein veldig kunnskapsrik mann. So no er eg komen heim og følte at bloggen trengte litt kjøt på beinet (om ikkje bilder).

Ellers lurer eg på om eg skal reise på "Gå Ut" med Endre og Håkon i ettermiddag, får sjå :)

For å nevne litt om Tiril sin dag, so har ho vore på skulen (ho er veldig flink) og ho sat og jobba med skule då eg kom heim. For å seie det slik var dagen min meir spennande enn Tiril sin - i alle fall hittil. :-)

Peace Out
- S