torsdag 18. november 2010

Endres etterlengta oppdatering...

Det må nok ha skjedd ein feil, då eg inbilte meg at Bloggen, med stor B, kom til å bli oppdatert ofte. Og ein viss person, med navnet Endre - har mast og mast, terga og terga. Korleis skal no dette gå??
So eg tenkjer at i dette blogginnlegget (i mangel på bedre emne) kjem det til å Handla om ENDRE, og korleis det er å vere med han.

Dei vanlege unnskyldningane for at eg ikkje har fått lagt inn noko her på bloggen er jo som fylgjer :
- "Har ikkje nok tid til alt"
- "Internettet her er soooo tregt..."
Men eigentleg er det berre at: "Nei, da gidda eg ikkje!" For å sitere ei gamal dame.
Kva har eg og ENDRE gjort sidan då? Og kva har so skjedd etter at eg bestemte meg for å bidra på Bloggen?
Vel, Endre og eg hadde boys-night, der me såg ROME - den same dagen eg bestemte meg for å bidra.
(Sidan det er Endre som har mast, tek eg i dette innlegget føre meg kun Endre, om du ikkje skjønte da)
Endre, som er ein veldig liveleg fyr fekk telefon av Olav Gisle, og då toppa heile kvelden seg, der han låg på sofaen og vrei seg i latter. Eit bra syn for å seie det slik.

Eg og Endre pleier å trene eit par-tre gonger i veka, noko som er både artigt (og slitsomt) og som gjer at venskapet vårt vert godt pleia, so spørst når eg får ta nokre bilde av treningsøktene våre - og om dei havnar her.
Ein anna ting er at både eg og Endre er veldig glade i mat, so det blir litt artige situasjonar ut frå det! Det siste på matfronten hjå Endre, er at han ikkje skal ete brød til frukost, sidan det er stivelse i det - og av mykje stivelse legg ein på seg. So i staden et han eit halvt dusin knekkebrød med mykje godt og forskjellig pålegg. Han har ikkje overveid at det er MENGDEN mat som gjer at ein legg på seg. Artigt! Hehe. Men som sagt, slik er det jo med meg og!!
Det er vanskeleg å kome med ei oppsummering over alle stundene eg og Endre har ilag - men poenget er at det er himla kjekt, og alltid artige samtalar og nokre litt djupare - der me snakkar om Einar Gelius, Bjørn Eidsvåg, kvinnelege prestar og i går snakka me litt om Dåpen. So me utivdar horisonten vår heile tida.

ENDRE - Det skal du vite: Eg set stor pris på deg og er glad for at me er so gode venner!

Til dykk andre: lær litt av dette: om de masar - kjem det eit eige blogg-innlegg om DEG!





Over og ut! - Sondre

2 kommentarer:

  1. Hahaha! Ska sei!
    Eg lika da ;)

    Og TAKK da samma Sondre! Du e ein grepa kar ;)

    SvarSlett
  2. MEANING: Eg burde hatt mitt eget innlegg a while ago.... Venter i spenning ;)

    SvarSlett